Kven og kva er Kanalregisteret?
Kanalregisteret er eigd og drifta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Oppgåva til Kanalregisteret er å gi kvalitetssikra informasjon om vitskaplege tidsskrift, seriar og utgivarar.
Foto: Olena Bohovyk på Unsplash
Direktoratet eig og driftar også erih+. erih+ er det europeiske registeret over tidsskrift innanfor samfunnsfag og humaniora. Saman med erih+ jobbar vi for å gi nyttig og god informasjon om dei vitskaplege tidsskrifta, seriane og utgjevarane vi har i kanalregistera.
Vi vurderer forslag til nye publiseringskanalar og innstiller dei til godkjent eller ikkje godkjent som vitskapleg publiseringskanal. Vi oppdaterer informasjon om publiseringskanalane og gjer så godt vi kan for å halde useriøse publiseringskanalar vekke frå kanalregistera.
Hva er en vitenskapelig publiseringskanal?
- Publiseringskanaler er tidsskrift, serier og forlag
- En vitenskapelig publiseringskanal er tidsskrift, serier og forlag, godkjent i Kanalregisteret på nivå 1 eller nivå 2.
Vi arbeider også med å forbetre og utvikle funksjonar som skal gjere det enklare for deg å bruke tenestene våre. Ei slik forbetring er den nye nettsida til Kanalregisteret, som du nå har framfor deg. Vi håpar du likar den nye nettsida og at du finn fram til det du treng!
Send gjerne e-post til publiseringskanaler@hkdir.no om du har innspel eller spørsmål om Kanalregisteret. Vi set pris på alle tilbakemeldingar.
Sjå gjerne Om Kanalregisteret og Om oss.