Kanalregisteret

Om Kanalregisteret

Register over vitskapelege publiseringskanalar, ofte omtalt som Kanalregisteret, gir deg oversyn over godkjente vitskapelege publiseringskanalar og informasjon om desse.

Sist oppdatert: 21. februar 2024

Kjelde til informasjon

Kanalregisteret er kjelde til informasjon om vitskapelege kvalitet. Du finn oversyn over kva publiseringskanalar som vert rekna som vitskapelege og kva nivå dei har. Du vil også kunne finne informasjon om publiseringskanalane publiserer artiklar opent og tilgjengeleg, gjennom informasjon vi til dømes hentar frå Directory of Open Access Journals (DOAJ) og forlagsavtalane til Sikt.

Ansvar

Kanalregisteret hentar opplysningar frå andre informasjonskjelder og register. Vi leggje vinn på å halde registeret oppdatert med så riktige data som mogeleg, men vi tek ikkje ansvaret om informasjonen er feil eller utdatert.

Drifta av Kanalregisteret

Kanalregisteret vert drive av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) ved avdelinga for data og statistikk på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Vi samarbeider med Det nasjonale publiseringsutvalget (NPU) om den faglege kvaliteten på publiseringskanalane.

Offisielt er det NPU som godkjenner publiseringskanalar, men på vedtaksmøta for nivå 1, diskuterer vi berre dei forslaga som vi i Kanalregisteret sjølv finn vanskeleg å vurdere ut frå kriteria til nivå 1. I tillegg diskuterer vi publiseringskanalar som allereie er godkjent, men som vi vurderer å sette ned til nivå 0 (ikkje godkjent).

Vedtaksmøte for nivå 1

  • For at vi skal behandle ditt forslag for inneverande år, er siste frist for registrering av forslag 30.november.
  • Vi vurderer forslag til nivå 1 fortløpande.
  • Forslag til nivå 1 blir offisielt godkjent eller ikke godkjent på vedtaksmøte med Arbeidsutvalget for Det nasjonale publiseringsutvalget (NPU).
  • Vedtaksmøta har vi i juni, oktober og januar.