Forslagsskjema

Enkelte kan oppleve problemer med registrering av forslag. Vi jobber med å løse problemet. Beklager ulempen.

Kanalregisteret

Forslag til nivå 1

Publiseringskanalane i Kanalregisteret er basert på forslag frå forskarar og andre knytt til forskingsmiljøet i Noreg og Skandinavia.

Sist oppdatert: 21. februar 2024

Korleis foreslå til nivå 1

For å foreslå ein publiseringskanal til nivå 1, må du først logge inn i Kanalregisteret.

1. Registrer ny kanal.

Fyll ut forslagsskjemaet med mest mogeleg informasjon og dokumentasjon.

Foreslå ny publiseringskanal.

2. Send inn forslaget ved å trykke på "lagre".

Vi får forslaget inn på lista vår og vurderer forslaget fortløpande.

3. Forslaget blir endeleg godkjent eller ikkje godkjent på eit vedtaksmøte.

Publiseringskanalen i forslaget får si eiga informasjonsside i Kanalregisteret, og du kan søke den opp i Kanalregisteret.

Vedtaksmøte for nivå 1

  • For at vi skal behandle ditt forslag for inneverande år, er siste frist for registrering av forslag 30.november.
  • Vi vurderer forslag til nivå 1 fortløpande.
  • Forslag til nivå 1 blir offisielt godkjent eller ikke godkjent på vedtaksmøte med Arbeidsutvalget for Det nasjonale publiseringsutvalget (NPU).
  • Vedtaksmøta har vi i juni, oktober og januar.

Forslaget mitt vart ikkje godkjent – kva gjer eg

Du kan klage på vedtaket om nivå 0 eller sende inn forslaget på nytt med dokumentasjon på det som mangla av informasjon.

På neste vedtaksmøte behandlar vi klagen eller forslaget på nytt. Endeleg frist for inneverande år, 30. november, gjeld dersom du skal få utteljing for ev. bidrag i publiseringskanalen.

Publiseringskanalen hadde nivå 1, men er nå satt ned til null

På vedtaksmøta revurderer vi ofte enkelte publiseringskanalar som så langt har vore godkjende publiseringskanalar. Vi revurderer dei fordi vi har fått inn ei bekymring om den faglege kvaliteten på det som vart publisert og dei redaksjonelle rutinane, eller på bakgrunn av ny informasjon om publiseringskanalen.

Dersom vi konkluderer med at vi set publiseringskanalen ned til null, vil nivå null gjelde frå neste år.

Slik vert nivåa vekta

PublikasjonsformNivå 1Nivå 2
Monografi58
Artikkel i periodika og serier13
Artikkel i antologi0,71