Kanalregisteret i finansieringssystemet
Vitskapeleg publisering har inntil 2025 vore ein del av grunnlaget for den resultatbaserte finansieringa av universitet og høgskolar, og Kanalregisteret har hatt ei rolle i dette grunnlaget. Sjølv om denne ordninga ikkje gjeld lenger, skal rapportering av vitskapelege publikasjonar vidareførast.
Vitskapeleg publisering gir publiseringspoeng
Dersom du publiserer i ein godkjent vitskapeleg publiseringskanal og oppgir din institusjon som forfattaradresse, kan institusjonen din bli kreditert for publiseringspoeng. Tidlegare fekk universitet- og høgskolesektoren økonomiske tilskot frå Kunnskapsdepartementet, som ein del av den resultatbaserte omfordelinga. Frå 2025 gjeld denne ordninga berre institutt- og helsesektoren.
Kva institusjonar som var med i denne ordninga og kva slags indikatorar som gir økonomisk tilskot i dag, er oppgitt i dokumentet Orientering om statsbudsjett for universitet og høgskolar, også kalla for blått hefte.
Hva er en vitenskapelig publiseringskanal?
- Publiseringskanaler er tidsskrift, serier og forlag
- En vitenskapelig publiseringskanal er tidsskrift, serier og forlag, godkjent i Kanalregisteret på nivå 1 eller nivå 2.
Rapportering av vitskapelege publikasjonar held fram
Sjølv om vitskapeleg publisering ikkje lenger utgjer ein del av finansieringa av universitet og høgskolar, vil Regjeringa vidareføre rapporteringa av vitskapelege publikasjonar. Regjeringa meiner rapporteringa har stor verdi. (Les meir i Utsyn over kompetansebehovet i Norge, 2023.)
Kunnskapsdepartementet bruker publiseringspoeng som utgangspunkt for å måle omfang og kvalitet i vitskapeleg publisering. Rapportane om vitskapeleg publisering blir mellom anna brukte
- i etatsstyringen,
- i tilstandsrapportar,
- til informasjonstenester og virksomshetstyring lokalt,
- til sentral statistikkrapportering,
- utrekningar av forskningsinsentiva i finansieringsmodellen.
Korleis blir kreditert publiseringspoeng
For å bli kreditert publiseringspoeng må du rapportere inn den vitskapelege publiseringa di til Cristin. Cristin er systemet som i dag blir brukt til å rapportere vitskapeleg publisering, som vil bli erstatta av Nasjonalt vitenskapsarkiv (NVA) i løpet av 2025.
I tillegg må sjølve publikasjonen definerast som ein vitskapeleg publikasjon.
En vitenskapelig publikasjon må
- presentere ny innsikt
- være i en form som gjør resultatene etterprøvbare eller anvendelige i ny forskning
- være i et språk og ha en distribusjon som gjør publikasjonen tilgjengelig for de fleste forskere som kan ha interesse av publikasjonen
- være i en publiseringskanal med rutiner for fagfellevurdering.
Kapittel 3 i rapporten "Vekt på forskning" (UHR 2004).
Kanalregisteret og Cristin/NVA
Resultatene av dei innrapporterte vitskapelege publiseringane for universitets- og høgskolesektoren, sender Cristin videre til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Vi bereknar publiseringspoeng for universitets- og høgskolesektoren i samarbeid med Cristin.
Statistikken over vitskapeleg publisering blir publisert i Database for statistikk om høyere utdanning (DBH).
I tillegg til samarbeid om beregning av publiseringspoeng, snakker Cristin/NVA og Kanalregisteret sammen, slik at de to systemene oppdateres jevnlig mot hverandre.
I tillegg til samarbeid om utrekning av publiseringspoeng, snakkar Cristin/NVA og Kanalregisteret saman, slik at dei to systema blir jamleg oppdatert mot kvarandre.
Grunnlag
Prinsippa for systemet er basert på UHR-rapporten "Vekt på forskning" (2004).