Publiseringskanalar under diskusjon (nivå X)
Nokre publiseringskanalar kan vi vere i tvil om bør vere godkjent eller ikkje. Det kan både gjelde forslag til nye publiseringskanalar på nivå 1, og eldre publiseringskanalar som er godkjent frå før. I desse tilfella ber vi ofte om ei vurdering frå fagorganet, og vi kan be om innspel frå forskarsamfunnet.
Korleis blir ein publiseringskanal sett under diskusjon (nivå X)
Vi har ein fast rutine på korleis vi går fram når vi vel å sette publiseringskanalar under diskusjon (nivå X).
Vi får bekymringsmelding
Vi får ei bekymringsmelding på ein publiseringskanal som vi finn vanskeleg å vurdere ut frå kriteria og vitskapeleg kvalitet. Vi kan også få nye forslag til vitskapelege publiseringskanalar på nivå 1, som vi tykker er vanskeleg å vurdere.
Vi kontaktar aktuelt fagorgan
Vi ber fagorganet om å gjera ei vurdering av publiseringskanalen, med svarfrist innan to-tre veker frå førespurnad er sendt ut. Ofte kan vi i førespurnaden foreslå at publiseringskanalen skal settast under diskusjon (nivå X).
Vi set publiseringskanalen under diskusjon (nivå X)
Dersom fagorganet er samde i at publiseringskanalen skal settast under diskusjon (nivå X), set vi publiseringskanalen under diskusjon (nivå X) så snart vi får svaret til fagorganet.
Søk på tidsskrift eller forlag under diskusjon ved å velje "Under diskusjon (nivå X)" som filter.
Vi vurderer publiseringskanalen under diskusjon (nivå X) på neste vedtaksmøte for nivå 1
Ved neste vedtaksmøte vurderer vi på nytt dei publiseringskanalane som er under diskusjon (nivå X). Dei publiseringskanalane som vi ikkje har fått innspel på, vil vi la stå under diskusjon (nivå X) til det følgande vedtaksmøtet. Publiseringskanalar som har vore under diskusjon (nivå X) i ca. eit halvt år utan at vi har fått innspel på dei, set vi ned til null – ikkje godkjent.
Vi ber om ny vurdering frå fagorganet
Dei publiseringskanalane under diskusjon (nivå X) som vi har fått innspel på, vil vi sende over til aktuelt fagorgan for ny vurdering. Vi spør fagorganet om dei er samd i forslaget vårt til vedtak, eller om ei vurdering frå dei om kva nivå publiseringskanalen bør ha.
Publiseringskanalen blir fjerna frå under diskusjon (nivå X)
Når vi har fått tilbakemeldinga til fagorganet, vil vi fjerne publiseringskanalen frå under diskusjon. Publiseringskanalen vil behalde sitt godkjente nivå, eller settast ned til null - ikkje godkjent, avhengig av innspela, vår vurdering og vurderinga til fagorganet.
Publiseringskanalar under diskusjon
Enkelte publiseringskanalar kan vi nokre gonger få avklart nivået på, ein god stund etter det haldne vedtaksmøtet, der dei vart diskutert.
Andre gonger følger vi publiseringskanalane opp på neste vedtaksmøte. Vi markerer dei som publiseringskanalar under diskusjon (nivå X).
Du kan gjerne kommentere på publiseringskanalen, dersom du har kjennskap til eller erfaringar med publiseringskanalen.
Kva nivå gjeld?
Inntil endeleg nivå er avklart, beheld publiseringskanalane sitt opphavelege nivå og ein kan dermed få utteljing ved publisering i dei. Blir publiseringskanalane sett ned frå godkjent nivå 1 til ikkje godkjent nivå 0, vil nivå 0 gjelde frå neste år.
Dersom vi set forslag om nye publiseringskanalar på nivå 1 under diskusjon (nivå X), vil han reknast som ikkje godkjent.
Embargo på to år
Dersom vi flyttar publiseringskanalen frå godkjent nivå 1 til ikkje godkjent nivå 0, etter diskusjon (nivå X), har han to år embargo. Det vil seie at om vi får han som nytt forslag, vil vi ikkje behandle det, med mindre det har gått to år sidan publiseringskanalen vart sett ned.
Les meir på NPI-nettstaden
Les meir om "røvartidsskrift", tidsskrift som opererer i gråsona og problematiske utgivarmodellar på NPI-nettstaden.