Om Kanalregisteret
Register over vitskapelege publiseringskanalar, ofte omtalt som Kanalregisteret, gir deg oversyn over godkjente vitskapelege publiseringskanalar og informasjon om desse.
Kjelde til informasjon
Kanalregisteret er kjelde til informasjon om vitskapelege kvalitet. Du finn oversyn over kva publiseringskanalar som vert rekna som vitskapelege og kva nivå dei har. Du vil også kunne finne informasjon om publiseringskanalane publiserer artiklar opent og tilgjengeleg, gjennom informasjon vi til dømes hentar frå Directory of Open Access Journals (DOAJ) og forlagsavtalane til Sikt.
Ansvar
Kanalregisteret hentar opplysningar frå andre informasjonskjelder og register. Vi legg vinn på å halde registeret oppdatert med så riktige data som mogeleg, men vi tek ikkje ansvaret om informasjonen er feil eller utdatert.
Forvaltning av Kanalregisteret
Kanalregisteret vert forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) ved avdelinga for data og statistikk på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Vi sørgjer for å oppdatere databasen og oppgradera nettsida og funksjonane. Vi arbeider kontinuerleg med å halde databasen ved like og sikra kvaliteten på informasjonen du finn i Kanalregisteret.
I tillegg til ansvar for Kanalregisteret, har HK-dir også ansvar for norsk publiseringsindikator og det europeiske tidsskriftsregisteret, erih+ (sjå Verksemds- og økonomiinstruks for HK-dir).
Vi samarbeider med erih+ om vedlikehald, innsamling av data og vitskapeleg kvalitet.
Det nasjonale publiseringsutvalet
Det nasjonale publiseringsutvalet, heretter kalla NPU, har representantar frå universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og helseføretaka. NPU har ansvaret for den faglege forvaltninga av publiseringsindikatoren og er eit rådgivande organ for vitskapeleg publisering.
Medlemmene i NPU blir oppnemnde av HK-dir. NPU rapporterer også til direktoratet. Mandatet til NPU blir fastsett av Kunnskapsdepartementet, som eventuelt endrar mandatet etter forslag frå HK-dir.
NPU har eit arbeidsutval som deltar på vedtaksmøta for nivå 1. NPU si rolle i Kanalregisteret er å gi råd om vitskapeleg publisering. Offisielt er det NPU som godkjenner nivå 1, men det er HK-dir som behandlar forslaga og gjer vurderingane.
På vedtaksmøta for nivå 1 diskuterer vi berre dei forslaga som vi i Kanalregisteret sjølv finn vanskelege å vurdere ut frå kriteria til nivå 1. I tillegg diskuterer vi publiseringskanalar som allereie er godkjent, men som vi vurderer å setje ned til nivå 0 (ikkje godkjent).
Kanalregisteret deltar på møta i NPU som observatør.
NPU organiserer også fagorgana og godkjenner eller avviser nominasjonsforslaga frå fagorgana til nivå 2.
Dei nasjonale fagorgana
Hovudoppgåvene til fagorgana er å nominera publiseringskanalar til nivå 2 og vurdera kva slags publiseringskanalar som ikkje lenger bør være på nivå 2. Sjølv om nivå 2 er hovudoppgåva deira, kan dei være involverte i vurderinga av publiseringskanalar på nivå 1, etter førespurnad frå Kanalregisteret ved HK-dir og NPU.
Vi skal alltid spørja fagorgana når vi vurderer å setja ein publiseringskanal under diskusjon (nivå X). Vi involverer dei også når publiseringskanalar ikkje lenger skal vera under diskusjon (nivå X).
Inndeling i fagfelt
Inndelinga av fagfelt bygger på inndelinga i Web of Science. Eit tidsskrift eller ein serie kan berre vera registrert med eit fagfelt. Det er fordi kvart fagfelt høyrer til eit fagorgan og ei faggruppe med kompetanse på fagfeltet. Det er forslagsstillar som vel fagfelt når hen foreslår eit tidsskrift eller ein serie til nivå 1.
Det finst i dag ikkje eit tverrfagleg fagfelt på tvers av alle fagområde. Tverrfaglege publiseringskanalar blir som regel plasserte under tverrfagleg naturvitskap og medisin.
Du finn ei oversikt over dei ulike fagfelta på NPI-nettsida. Om du trykker deg videre inn på eit fagfelt på NPI-nettsida, finn du kontaktinformasjonen til kvar faggruppe nedst på sida.
Kom med innspel!
Kanalregisteret er til for forskarsamfunnet. Vi har derfor stor nytte av at forskarsamfunnet kjem med innspel og korrigerer informasjon om publiseringskanalane i Kanalregisteret. Det hjelper oss med å halda Kanalregisteret oppdatert og sørgja for at dei godkjente publiseringskanalane har god vitskapeleg kvalitet.
Har du innspel til ein spesifikk publiseringskanal, kan du skriva ein kommentar til oss på informassida til publiseringskanalen i Kanalregisteret.
Har du spørsmål eller innspel til Kanalregisteret, kan du kontakta oss på publiseringskanaler@hkdir.no.
Vedtaksmøte for nivå 1
- For at HK-dir skal behandle ditt forslag for inneverande år, er siste frist for registrering av forslag 30.november.
- HK-dir vurderer forslag til nivå 1 fortløpande, men alle forslag må innom Arbeidsutvalget for Det nasjonale publiseringsutvalget (NPU).
- Forslag til nivå 1 blir offisielt godkjent eller ikke godkjent på vedtaksmøte med Arbeidsutvalget for NPU.
- Vedtaksmøta har vi i juni, oktober og januar.
Lena-Cecilie Linge

Thor Hovden

Aishwarya Murali

Markus Bang
Monica Roos
